Skip to content

Spørjeundersøking:

26/10/2007

1: Kva ville du ha gjort dersom du berre hadde hatt resten av livet att å leve?

2: Kva ville du sagt dersom du møtte deg sjølv i døra? Kva ville du spurd deg sjølv om? Kva svar hadde du fått (du veit jo det, det er jo du som vert spurd)?

3: Kva eigenskap skulle du ønske at du hadde?

4: Dersom du var ein superhelt, kva skulle namnet ditt ha vore då?

5: Kva tid på døgeret eignar seg best til… flogesanking?

6: Skrivast «haust» med stor eller liten h?

7: a) Kor gamal er du?
b) Kven er så gamal at han held seg til ljå? Og korleis syng ljåen? Og kva gjer tankane?
c) Kva seier graset?

8: Kor gamal er Ingrid Haga? (På Ingridmåten.) Dersom du ikkje kjenner Ingrid, kor gamal er Wenche Foss?

9: Kva er favorittverdsdelen din?

10: Kva er favorittkroppsdelen din? Todelt spørsmål: a) på deg sjølv, og b) på andre.

Eg oppmodar alle til å svare så ærleg som mogeleg, då eg sjekkar alle svar opp mot fasiten.
Bonusspørsmål: Kven er det som bestemmer om musikk er god musikk, og verdt å lytte til?
Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: