Skip to content

Silje anmelder

07/10/2007

i denne utgåva av «Silje anmelder» vil eg ta for meg noko vi alle har, nemleg

TID

Wikipedia fortel oss følgjande om Tid:
«Tid er in
tervallet mellom to hendingar. Ein kan seie at ei hending skjer etter ei anna hending. Vidare kan ein måle kor mykje det er mellom to hendingar. Svaret på kor mykje er mengda med tid mellom dei to hendingane. Ein måte å definere omgrepet «etter» er basert på trua på kausalitet. Menneska sitt forsøk på å auke forståinga og å måle tid gjennom å utvikle kalenderar og klokker, har vore ei stor drivkraft på vitskapelege oppdagingar.»

Akkurat no er tid ei lita nøtt å knekke for meg. For det første skulle eg ønske at eg hadde nytta tida litt annleis i vekene som ligg bak oss, samstundes som eg har hatt fine veker og eigentleg ikkje heilt ser kor naud
synt det er å prioritere tida si annleis enn det reint spontane. Og så tenkjer eg på tida som kjem. I første omgong fram til neste fredag, i neste omgong fram til fredagen etterpå, og så bortetter.

Folk flest knytter kanskje konseptet «venting» opp mot tid. Oftast tykkjer eg at venting er hinsides kjedelig, så eg vel å late vere å knytte desse to omdøma opp mot kvarandre. «Tid» treng ikkje lide av «venting» sitt negative omdøme.

Eg er glad i tid. Eg likar å tilbringe tid, og å sjå tilbake i tid. Hadde eg kunna sjå fram i tid hadde det vore ein tommel ekstra, men for no er karakteren fem – 5 – tomlar opp for tida.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: