Skip to content

rePrise

24/09/2007

Den danske kunstnaren Bertel Thorvaldsen har fått i oppdrag å lage ei statue av Kristus.

Han lagar fyrst ein liten versjon i leire. Leiren er grei å ha med å gjere, formar seg etter kvart minste press frå dei vande fingrane til Thorvaldsen. Sakte vert leireklumpen forma til eit menneske, og rundt menneskefiguren vert det drapert eit klede. Kunstnaren strevar for å få akkurat det rette uttrykket og den rette haldninga på skulpturen – Kristus som ein gresk atlet, med heva armer og lyfta hovud, den sigrande Kristus! Detaljane kjem på plass; det lange, bølgande håret, sjegget, dei små detaljane i andletet, fingrane, draperingane i kledet -Kunstnaren lenar seg attende, lyfter tommelen på kunstnarvis – sjekker proporsjonar; tek eit overblikk. Han er nøgd. Timane har gått utan at Thorvaldsen har fulgt med, han har vore heilt oppslukt i arbeidet. Han går heim.

Thorvaldsen kjem attende til atelieret sitt tidleg neste morgon. Han går bort til det vesle bordet ved vindauget, der han hadde plassert Kristusfiguren. Til sin store sorg ser han at noko har gått gale. Den sigrande, stolte Kristus han hadde laga kvelden i forvegen har no sunke saman. Henda er senka og hovudet er bøygd. Dette var då aldeles ikkje som Thorvaldsen hadde tenkt! Leirefiguren har størkna. «Knusast», tenkjer kanskje Thorvaldsen. «Figuren er øydelagd uansett.»

Kanskje er det Thorvaldsen sjølv som må tenkje seg fram til å behalde Jesusfiguren som den er. Audmjuk, open. Kanskje må nokon forklare han at figuren no er meir lik Kristus enn nokon sinne.

Sannelig, våre sykdommer tok han på seg,
og våre smerter bar han.
Vi trodde han var blitt rammet,
slått av Gud og plaget.
Men han ble såret for våre overtredelser
og knust for våre misgjerninger.
Straffen lå på ham for at vi skulle ha fred,
ved hans sår har vi fått legedom.

Jes 53, 4-5

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: