Skip to content

Stille før ein slags storm

06/09/2007

Og no, medan eg sit i sofaen, åleine på 103 kvadrat, så kjenner eg at eg gruar meg til dagen som luskar kring hjørnet. Sjølv om fredagen som kjem skal innehelde mykje bra – så hopar ting seg litt opp, nett som oppvasken på kjøkenbenken. Den må eg ta min del av, men problemet er å få tid til det. Eg må først ete opp yoghurten min. Så MÅ eg sove, for i morgon er det jobb og skule, øving og konsert – i tillegg må eg pakke kofferten med klede, hugse linsevæske og linsar, kamera, ladar, pass, pensum og alt det eg gløymer skal eg ergre meg for i to veker. På Kreta. Med familien. Men det er ikkje før på laurdag. Fredagen kjem først. Eg gruar meg til fredagen. For eg vil helst ikkje vere sur og småstressa, men glad.

Så gjør dere ingen bekymringer for morgendagen; morgendagen skal bekymre seg for seg selv. Hver dag har nok med sin egen plage.
Matt 6,34.

Av og til så er det litt ufordragelig korleis Bibelen treff meg. Eg vil jo bekymre meg, på min måte. Grave meg ned i dritt av og til, for så å meistre det og kome meg til overflata att. Skjønar du? Men så les eg i Bibelen, også kjem den og seier at eg skal legge alt på Jesus. Av og til vil eg så gjerne berre bere mi eiga strevsame byrde. Men eg ser jo det, då. Litt oppgitt, på ein måte. At eg klarar det ikkje. Eg må berre sjå det eit par gongar. Og eit par gongar til. For dagen.

Og då legg eg av meg alt, og alt maktar eg i Han som gjer meg sterk.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: