Skip to content

Pust inn, pust ut.

03/08/2007

«Bønn er kristenlivets åndedrett» sto det i ei bok eg las ein gong. Det byrjer å bli ei stund sida, men den setninga frå boka av Hallesby har liksom prenta seg inn i meg. Og veit du? Det trur eg er noko av det nyttigaste for meg på lang tid. For å puste, andedrett, det er livsviktig. Og det er bøn og.

I fjor sommar, i heimesjukepleien, så var eg hjå ei gammal dame med kols, dobbeltsidig lungebetennelse og angst som leidde til hyperventilering. Denne stakkar dama hadde ikkje godt for å puste, ho høyrdes ut som ein kaffitraktar når ho freista trekkje inn litt luft, så ho hadde ein medisin-inhalerings-maskin-ting rett på sida av stolen sin. Problemet var at ho var så redd og så i svime fordi O2-nivået hennar var heilt på skakke, at ho klarde ikkje å ta medisinen sin sjølv. Ho trykka på alarmen ho hadde rundt halsen, og vi i heimesjukepleien køyrde ut og gav ho medisin. Det hjalp, i kanskje eit par timar, så var det same prosedyren om att. Det at ho røyka som ein skorstein hjalp jo heller ikkje på ventilasjonen. Men ja, denne dama var heilt avhengig av at vi kom og hjalp ho med å feste pustemaskinen på seg til faste tider i døgeret. Dersom vi ikkje gjorde det, så fekk ho ikkje puste, og det ville då naturlig nok ha leia til dauden.

Og no kjem parallellen: Sånn var det med meg og, tidligare i vår. Eg gjekk rundt for meg sjølv og merka ikkje at slimet samla seg i lungene og at andedrettet mitt vart tyngre, før det mest var for seint. Eg hadde køyrd på, gått mine eigne vegar, tatt mine eigne avgjersler, og plutseleg sat eg der, med skjørtet i postkassa. Eg trong hjelp. Då ba eg. Eg trykka på alarmknappen. Gud leverte. Eg tok i mot. Men veit du? Det gjekk ikkje lange tida før det tetta seg til att. Skulle tru eg røykte. Det snøra seg i halsen. Skikkelig knipe. Eg måtte trykke på alarmknappen. Eg ba. Gud leverte. Eg tok i mot. skjønar du teikninga?
Same procedure as every year, James:
Kjøre mitt eige løp.
Gå på ein smell.
Hjelp.
Der var Gud ja. Stoler på han. Kjem alltid når eg treng han.

Det dug ikkje i lengda. Ikkje i det heile. Er det noko Gud har lært meg hittil i år, og spesielt i sommar, så er det å vere avhengig av han. Å la han få ta avgjerslene, og å ta han med i alt eg gjer. På kvart einaste felt av livet mitt: I forhaldet mitt til familien min, og til venene mine. På skulen. I lovsong. I det som er vondt. I det eg trur eg forstår. I det eg ikkje forstår. I det eg gler meg over. I kjærleik. I det eg er redd for.

Desse tinga er heavy, og ofte veit eg ikkje korleis eg skal legge ting på Gud ein gong. Noko så «lett», som ikkje er lett likevel… Det er då det er heilt genialt å lese i Romarane 8, 26-27:
På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktesløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord. Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.

Bøn er blitt eit andedrett for meg. Eg pustar temmeleg ofte. Eg freistar be like ofte som eg pustar, det er jo eit håplaust prosjekt, men det er verdt et forsøk. Uansett er
det ikkje opp til meg. Anden går i forbøn for meg! Når eg sukkar inne i meg er det ei bøn. Denne «stadige» bøna leier til at eg får løfta fokuset mitt opp mot Gud, på at han er nær meg heile tida, og då vert det lettare for meg å sjå kva Gud vil eg skal gjere.

Bevares. Det er så sjukt mykje eg ikkje forstår, og Gud krever ikkje at vi forstår. Amen for det. Men litt etter litt kjem eg nærare han. Og det er akkurat der han vil ha meg og deg. I ferdiglagte gjerninger. Heilt nær til seg.

Guds håndskrift

Han bruker skrifttegn som vi
med vårt begrensede blikk
ikke kan tyde.
Vi oppfatter bare noen utydelige streker,
og vi prøver å utgrunne
det store mysterium
av knuste håp, av døden og livet,
den endeløse krigen,
striden som føres til ingen nytte…
Men der, med klarere og bedre sikt,
skal vi se dette: Hans vei var rett.

John Oxenham, 1913

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: