Skip to content

Hyllest til Pling/Jelsa, Løjje og Pøsj.

01/08/2007

ÅTVARING: Dette er ei kontaktannonse:

Lat meg starte med å seie at desse tre ikkje er dei einaste som fortener hyll. Men akkurat i dag freistar eg trekkje fram måtane desse to har vore med å forma meg til den eg er blitt.

For desse tre jentene, på folkemunne kalla «Lått og Løjje», Pling eller Jelsa og eh, hu løgna og Pøsj, går ikkje umerka forbi kven som helst. Ikkje overraskande har Ingrid kapra mr.Vigeland, men gutar, dei to som er att er av ypperste kvalitet. Vi snakkar bebuarane av Intelligenzen. Dersom de er interessert, så ta kontakt. Eg har nummera. (Og eg ser helst at dei får seg nokre stødige Fjellhaug-gutar, som kan sei dei nokre alvorsord kring heite teologiske tema… 😉 )

Artige ord og uttrykk: Få har utvida ordforrådet mitt på same måte som desse tre. Særleg Ingrid (med det misforma hovudet) si karriere på Jelsa bu- og behandlingssenter har nok spela litt inn i underholdningsverdien av ei samtale med sistnemnde.
Eg nemner i fleng:

asjen i dasjen

skriv det på jelsapresten
snasent

kreglå
også var det et ord som eg fekk i ein julekalender ein gong… Palpaudere? Det tydde i alle fall applaudere.

Pling har og lært meg å ikkje fordra haugesundsdialekt.

Inger Elisabeth (med kameraet) har bidrege på språkfronten og, men dei fleste orda vert nok sensurert. bortsett frå desse to:
patten (æææææsj)

Lø-hø-jø-ø (Løjje)

Marianne (ho med bop-it’en) er nok den som har den mest utprega dialekten av oss. Trønderen som ho er. Her er ordlista ustoppeleg:
Pøsj (=pølse, og hennar eige kallenamn)

Kakshiv

Langkak

Pøsjkak

Smær

Smærgræt

Dæde mæ!

Smugrækje

Morosame hendingar
Ja, me kan vel alle minnast den gongen Ingrid trudde «dusja» stavast «dursa». Og den gongen ho påstod hårdnakka at ho var eitt år eldre enn ho var, altså 17. Ho teikna opp talrekkja når vi sat i timen i førsteklasserommet i musikkpaviljongen, og tvang oss til å telje frå null til 17. Ingrid. Null er ikkje eit år. Og me trekkjer fram minne på minne. Kva med den gongen Inger skulle vere gås i Haugtussa? Ironisk nok er Inger livredd fuglar. Sommaren vår som vaskepersonale, med noknuten og litt for mykje inhalert Jif… Og når Pøsj skulle smugrækje ut vindauget på Austheim. Minna straumer på. (heilt ærleg så kjem eg ikkje på så mykje). Alle dei gongane vi (eg og Løjje) haldt Pling vaken på nettene, når vi masa på andre sida av veggen. Talentiaden i andreklasse, då vi var med på annakvart bidrag i konkurransen (tør eg minn
e om kven som vann), og for ikkje å snakke om den evinnelege replikken til Pøsj, som var like optimistisk kvar gong:

«…Spella settlers?»

Eg svarar som eg plar: Tja. Det spørs kven som skal vere med å spele?

Og med dette vil eg avslutte. Eg er så glad i de tre. Og akkurat no, så skulle eg så gjerne ha hatt dykk her!

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: