Gå til innhald

Forklaring følgjer Frelsaren

05/05/2007


5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du?» 6 For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg. 10 Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger. 11 Dommen er at han som herskar over denne verda, er dømd.
12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og fortelja dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk. 15 Alt det som Far min har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk.

Joh 16,5–15

Den heilage Anden. Dagens helt. Forklararen med stor F. Sanningsanden. Fint. Takk.

No comments yet

Kommenter innlegget