God
Okei. Mange menneske er veldig gode i ting. Sjå berre på Koss, Johan Olav. Han var(/er og sikkert) knallgod på skeiser. Nokre er gode på å danse, og andre er mindre gode. Eg er nok ei av dei som ville ha blitt vist på tv dersom eg var med i dansefeber. Og det er ikkje akkurat fordi det ikkje får folk til å le, trur eg. Nokre er flinke til å spele backgammon. Andre kan hoppe på ski. Nokre har spesialisert seg på bananar i vaflar, medan andre att er flinke til å drepe insekt. Nokre er flinke til å fellesblogge og til å kome med dårlige vitsar.
Dersom det høyres ut som om eg fiskar etter kompliment, så er ikkje det intensjonen… Eller kanskje var det det, umedvite? Men uansett. Eg og har lyst til å være særskild god til ein spesiell ting. Men. Kva skal det vere? Finn ein kuriositet eg kan spesialisere meg i! Spele på sag – sy hardangersaum, eg veit ikkje…