Skip to content

Til Inger

02/01/2007

Dette kom i kommentar-boksen min i kveld. Det er kanskje «personleg», og eigna seg meir på mail enn på blog, men hei. Inger la ikkje att noko mailadresse eller slikt, så difor vart det på denne måten.

Temaet plar eg unngå, og når eg pratar om det let eg som om det ikkje bryr meg. Men det gjer det.

Heisann
Du kjenner ikke meg men jeg fant siden din da jeg søkte på kjeveoperasjon på sol.no.
Så at du skulle ha det, får jeg spørre hvordan det gikk? Jeg skal sannsynligvis også ha det på grunn av underbitt….gruer meg litt og vil gjerne vite hvordan det har gått med andre som har gjort det. Er du fornøyd?
Vennlig hilsen Inger

Rart at dette kjem i dag… Eg har ikkje operert noko som helst enno (papirmølle!), men eg skal til sånn «samtale»-greier i morgon. Eg er framleis ikkje sikker på om eg vil gjere det… Men eg vonar eg klarer samle mot til å berre gjere det. Tenk då: Sjølve prosessen tek vel omlag 6 mnd av livet ditt. Kanskje lever vi til vi er 100! Det skulle tilseie 0.5% av livet. Det er lite. Ein må jo berre gjere det.

Eg er pissredd, for å seie det på godt norsk. Men det er jo ikkje fårleg. Det er berre det at eg tendenserar til å gjere ting som har med tenna mine å gjere litt verre enn det kanskje er. Det kan eg innrøme. Men eg kan ikkje skjøne det. Men nok om ubegrunna frykt…

Sjølve operasjonen gruar eg meg ikkje så mykje til trur eg – det er jo ein standardprosedyre og legane gjer det dag ut og dag inn. Byrjer du forhøyre deg litt rundtom, så er det veldig mange som anten har teke ein slik operasjon, eller kjenner nokon som har det. Eg har enno ikkje høyrt om nokon det gjekk gale med, eller om nokon som angrar.

Ver førebudd på at ting tek tid i det offentlege helsevesenet. Stå på krava dine, og ver «påan». Det er ikkje eg, og difor tek alt mykje lenger tid enn det kanskje treng… Men, når du kjem skikkeleg i gong, så trur eg nok tida går fortare enn du tenkjer. No veit eg ikkje kor gamal du er, men eg trur eg kan seie at jo før du gjer det, jo betre. Gjer det FØR du får plagar i rygg/nakke grunna feil bittstilling, og FØR du rekker å angre på at du ikkje har gjort det. Hvis du skjønar.

Særleg. EG oppmuntrar. Ironisk nok. Men eg meiner det eg skriv. Difor skriv eg alt. Håh!
Vonar du fekk litt ut av dette, Inger!

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: