Skip to content

2006

25/12/2006

Klikk her, og høyr nydeleg musikk. Særlig låt nr 2. Det passar som bakgrunn for å lese det som kjem, nemleg

tid-til-ettertanke-og-oppsummering-av-året-som-snart-er-omme
2006
2006. Mozartår. 250 år sidan han vart fødd. Eg har glømd å feire. Ibsenår? Nei, det var i fjor. eller i år. Vi byrjer frå byrjinga. Fyrste halvår var Salem i Bergen var the place to be. Kongshaug var the place to work. Oslo var the place to long to. Frå august vart dette snudd om.

Januar
Eg såg Big Ben passere midnatt 31.desember 2005 og byrje på 2006 i lag med omtrent heile London sin befolkning. Eg, Margot-Helene, Kristina og Signe var på besøk til Ingrid som jobba på KFUK-heimen. Ho var ikkje der, men låg heime med kyssesjuka. No kyssar Ingrid utan å vere redd for å smitte Eirik (som forsåvidt òg er eit nyttig biprodukt av 2006!).
I januar trudde eg at i himmelen skulle eg aldri meir kjenne meg som den dummaste i heile verda. Det vonar eg framleis. Eg reiste til Oslo, og vitja Fjellhus allé. Der snødde det masse! Eg byrja lengte etter miljøskifte. Kongshaug var ideellt, men slitsomt! Eg jazza med Tone Lise, og drømmen om å spele gitar gjekk sakte men sikkert i vasken.

Februar

Tysnes bedehus var fyrste team-jobb i februar. Pøsj og Karine vitja Kongshaug og såg stygt på alle fyrsteklassingane, og Filip (biletet) vart fødd. Teamet reiste på in-team-opp-tour, ein høgdare utan like. Tonstadli – Kvås – Drottningborg – Ichtys – Hamar – Misjonssalen – Hamar. I februar ville eg så gjerne at nokon skulle sjå akkurat korleis eg hadde det utan at eg sa eit ord. Det vil eg framleis. Eg vitja Oslo att, og denne gongen snødde det kjempemasse!

Mars

Vesle Emiil kom til verda. Teamet reiste til Holmavatn, på leiarkonferanse. Det er nok noko av det luraste eg har gjort på lang tid. Der vart eg kjend med NLM, og der møtte eg Maria. Fresht. Eg bestemte meg for å gå på Fjellis, og Synkoke haldt konsert. (Ikkje på Holmavatn, altså. Men generelt i mars.) TV-pastoren var det beste på TV.

April
Eg var tentamensvakt. Hadde påskeferie, men eg kan ikkje hugse kva eg gjorde då. Ingrid vitja haugen, og vi hadde det gildt! Gospel Bergen turnerte. Det var ein hit. Å, eg saknar koret!
Mai
Eg var oppteken av å vere meg sjølv nok. Det var strålande ver på Lepsøy, og eg vart forelska i Alien Diversity (Selene). Eg fekk bustad hjå NLM-eigendom, og eg og Aleksandra hadde det stort sett utrulig kjekt i lag! Eg oppdaga Extol, og tenkte på å kuppe eit misjonssamband. Dei tankane har eg slått frå meg. Tyrkiske hackarar øydelagde nettsidene til Kongshaug (dette står nemd i Utsyn sin årskavalkade og. herlig!). Eg lurte på kor grensa gjekk, og det lurar eg på framleis. Ja, også vart eg forelska i Øystein Greni. Om att, og om att. Vi song «Hedningenes millioner» på krinsmøtet til Sygna. Det var stas…
Juni
Månaden eg oppdaga at vaflar eigentleg er knallers! Eg slutta på kongshaug etter juni. Det var fint, men og ganske vemodig… Plutseleg reiste eg og May-Linn til Kreta. Lett. St.Hans og bursdag vart feira med brask(barsk?) og bram(dram?). Byrja i helsevesenet, og trivdes ganske så godt!

Juli
Teamfesten enda i Sommartreff; det mest GENIALE på lenge! Ein knallgjeng med leiarar og deltakarar gjorde den vesle veka ugløymeleg! Etter sommartreff bar det til Trondheim for fyrste gong. Her var det synging på GF, og det skal eg sei deg, det var kjekt! Her såg eg mange rare menneske som kom frå Fjellhaug, og tenkte: «hjelp.» Helste på Sjaastad, og kjende meg mykje betre. 🙂 O-fag gjekk på P3 og gjorde dagane fine. Den 26.juli meinte eg at eg aldri skulle bli sjukepleiar eller noko liknande… Heh. Riiight.

August
Eg anbefalte kjøtdeig, og flytta til Oslo. Sigurd sa at alle gutar vil ha ei sjukepleiarkone, og eg stolar framleis på dette. Byrja på MU på Fjellis, og likte det sånn passe. Byrja synge i misjonssalen, og likte det betre. Byrja trikke. Det var ein hit. Folka i klassen var forøvrig og ein hit. Fleire hitar.

September
Ole Bull akademiet hadde besøk av meg og MU i ei veke. Det var knallers. Ellers kan eg ikkje hugse så mykje… Jo, pappa hadde bursdag den 14. denne månaden.

Oktober
Mute vart til, hadde konsert, og det var kjekt! Eplekaka til Kviserud via Spanne vart eit høgdepunkt. Eg stilte spørsmål ved NLM si måte å nytte ordet «heime» på. Ingrid og eg vitja Tomter and the twins, og eg såg ein naken mann på sas-hotellet. Gledespatruljen vart eit faktum (eg trur i alle høve det var rundt desse tider), og gjett om eg er takksam for det!

November
Misjonsforeninga «Wings of mercy» vart stifta. Eg fekk jobb, og var på Kongshaugfestival. Vi turnerte med MU og Altiplano, og det var slitsamt nok. Eg lurte på kvifor det ikkje går an å skrive med store tal, på same måten som ein skriv med små og store bokstavar. Det lurar eg på framleis.
Desember
Månaden byrja friskt med kyrkjelydsplanting. Eg oppdaga 2.Kor 5,20, og baka julekjeks. Eg vart «drømmekvinnen» i testen på nrk. To gongar. Kom inn på sjukepleien. Takka nei. Trivdes på skulen, men bomma på pedeksamen og glømde å nemne forsiringar med trille frå oversekunden og ned på musikkhistorieeksamen. Starta ein ny trend. Feira Jesus. Fekk mellom anna mixmaster, ullundertøy og sokkar til jul. Samt Synkoke-paraply og Bertil-dvd! Lukrativt, med andre ord.

Så sit eg her. Og tenkjer at eg er veldig takksam for at eg får gå på Fjellhaug, og for at eg får bu i 701. Status: Eg har det innmari godt. Kanskje eg skal sende inn ei helsing på «nattønsket» på P1 – til alle venene mine eg har blitt så glad i? …Eeehller ikkje. (Hm, gledespatruljeprosjekt?) Uansett, kjære ven. Eg er veldig takksam for at eg har fått blitt kjend med så mange nye menneske! Heilt toppers! Så mange utrulege menneske med talent, evner og ikkje minst god humor! Og til de eg har sett for lite av i 2006; vi snakkast i 2007, gjer vi ikkje?

Fredeleg jul!

Advertisements
2 kommentarar leave one →
  1. 16/05/2011 09:23

    Buhu, får ikke sett bildene..

    Men 2006 er overraskende lenge siden!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: