Skip to content

så er vi no sendebod

02/12/2006

Det er natt, og eg får ikkje sove. Trass i ei veke med stort underskot på svevn, fungerte det berre ikkje heilt å sove nett enno. Eg har ein mistanke om at det var noko eg skulle lese først, før eg sat meg inn i stova for å skrible på blogg og sjå tv-en i bakgrunnen, der tyrkiske menn som masserar travel channel sin programleiar. (På tv altså. Ikkje i bakgrunnen.) I bibelen min las eg mellom anna dette (det er så sjukt mykje meir å gripe fatt i og lese, lese, lese, men eg tek ikkje alt her og no…):

Joh 15,15-17
Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min. De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!
2.Kor 5,14-15:
For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døydd. Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.
2.Kor 5,20: Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud!

Gud kallar oss sine vener. Den allmektige Gud som vel kan stille seg over oss alle, og som er over oss alle kallar oss for sine vener. Det er ganske heavy! Gud som ikkje toler synd sende son sin for at vi skal kunne ha samfunn med Han, for at Han skal kalle oss sine vener. Snakk om kjærleik! Kan vi då gjere anna enn å freiste leve slik Gud vil det? Kan vi late vere å gå med evangeliet til dei som aldri har høyrt? Kristi kjærleik tvingar oss. Eg tenkjer ofte at det som er mest «safe» er å bli her eg er. Det har eg vel tenkt til ei kvar tid. Gå på den opplagte skulen. Ikkje heilt ta sjansen. Berre vente enno litt til på at Gud skal leie meg dit Han vil ha meg – og veit du? Eg trur det skjer. At Gud leier. Men ikkje gløym at Han gjer nytte av oss på vegen. Å gå ein veg er jo ganske naudsynt for å kome ein plass, ikkje sant? Kanskje det som synast som berre ein mellomstasjon før du skal finne din endelege «plass i livet» faktisk er din «plass» (for å nytte eit uttrykk som er litt på kanten)?
Eg trur òg at Gud legger ned ein iver i oss, ein iver etter å tene Han med liva våre. Ein iver etter å fortelje om Han til dei som ikkje har høyrd. Hjelpe dei som er i naud. Om eg ikkje akkurat har sett skrifta på veggen, så veit eg med meg sjølv at eg vil freiste fortelje om Jesus gjennom den eg er. Eg vil lære meg å forkynne evangeliet. For Kristi kjærleik tvingar meg. Gud har valt ut akkurat oss av kjærleik – og av kjærleik vert eg då nøydd til å gje noko attende! «Heldig nok» for meg beror ikkje mi frelse på gjerningane eg gjer eller ynskjer å gjere. Det beror på om korvidt eg trur på Jesus som min frelsar. Det same gjeld deg.
Gud kallar oss sine vener. Av kjærleik. Så er vi no sendebod for Kristus. Ikkje «så er vi om eit par-tre år, når utdanninga er i boks, sendebod for Kristus» eller «så er vi i overimorgon, når vi skal på møte, sendebod for Kristus». Kor er du no? For der du er, der er du sendebod. For Kristus. Som kallar deg sin ven. Fresht.
Så er vi no sendebod for Kristus
og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud!

Travel Channel vert faktisk svart klokka 02.00 natt til laurdag. Skulle ein aldri tru.


Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: