Skip to content

Silje minnast

01/12/2006

Vi skriv desember. Det er 10 grader ute. Nett som å vere heime i Os rundt juletider, dette… Noko som får meg til å minnast… I denne utgåva av «Silje minnast» vil eg gå nærare inn på eit fenomen som nok dei fleste har opplevd, nemleg

ting eg ville ha, men aldri fekk til jul:
– Hest, marsvin, katt, hund, kanin o.l.
– Barbie-hus
– Barbie-bil
– Ei veslesyster
– Ei storesyster
– Bil
– Reise-TV
– Telt
– Polaroidkamera
– Sånn samleperm til å samle Donald Duck-bladar i
– Abbonnement på Donald Duck
– Sånn rosa maskin som tvinnar håret i små fletter
– Rulleskøyter med fire hjul som står sånn to og to
– Ballerinaskjørt
– Fallskjerm
– Luftgevær
– BabyBorn-dokke
– Brusmaskin
– Sånn radio/kassettspelar med mikrofon

I år ynskjer eg meg berre jobb, noko det ser ut som eg får. Mozartkule for nattevakter på røde datoar, i heimesjukepleia i Os kommune! Eller, eg ynskjer meg to ting til. Nemleg:
– Strykejern
– Miksmaster

Kva var det DU aldri fekk?

Gratulerer med første desember, godtfolk!

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: