Skip to content

heim

04/11/2006

For vi veit at om det blir nedrive, dette teltet som er vårt jordiske hus, så har vi i himmelen ein bygning som er frå Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender. Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å bli overkledde med vår himmelske bustad. For når vi slik er kledde, skal vi ikkje bli ståande nakne. Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi ønskjer ikkje å bli avkledde, men påkledde, så det dødelege kan bli oppslukt av livet. Den som har gjort oss i stand til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant. Difor er vi alltid ved godt mot, endå vi veit at så lenge vi er heime i kroppen, er vi borte frå Herren. For vi vandrar i tru, utan å sjå. Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå kroppen og heim til Herren. Difor, anten vi er heime eller har flytta bort, set vi vår ære i å vera til glede for han. For vi må alle fram for Kristi domstol, så kvar og ein kan få si løn for det han har gjort gjennom livet i kroppen, anten godt eller vondt.
2.Kor 5,1-10

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: