Skip to content

den nakne sanninga

31/10/2006

Som de sikkert veit, så ligg 701 parallellt med SAS-hotellet. Dette leier ofte til historiar som kan forteljast rundt middagsbordet og skape ei flau-god fnisete stemning hjå underteikna og sambuarane. Den til no beste historia skjedde førre sundag…

Eg stod opp grytidleg sundag morgon for å ordne frukost til teamet som skulle spele til dan- eh, til lovsongen i misjonssalen på føremiddagsmøtet. Når eg skulle plukke egg til eggerøra ut av kjøleskåpet var det imidlertid ikkje berre ei svart bygning som møtte auga mine når eg kikka ut glaset – som ein gjerne gjer når ein står den vegen for å svinge seg med fjeset inn mot kjøleskåpet.

Blikket mitt møtte blikket til (ja, det er faktisk så nærme at ein kan sjå at nokon ser deg i augene) ein utrulig naken mann, som trakk frå gardinene AKKURAT når eg såg ut. Vindauga på SAS-hotellet er plassert ganske lågt, for å sei det sånn så var det fritt innsyn/tilsyn/utsyn for litt av kvart. For å vere ærleg kan eg skjøne at ein ikkje tenkjer at risikoen for å bli «sett» er veldig stor i 7.etasje ein sundag morgon klokka halv åtte. Og reaksjonen min, då. Den skulle eg hatt på film. Eg såg ut medan eg opna kjøleskåpdøra, såg kva som var der ute, ropte høgt «å HJELPE MEG» og svingte meg INN i kjølesskåpet medan eg lukka augene. Det må jo ha sett heilt fantastisk ut. Ikkje minst for den nøgne mannen. «Oi. Jenta står nesten inne i kjøleskåpet.»

Ja. Godt eg er «herda» etter ein sommar i helsevesenet… Det er mykje artig i verda!

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: