Skip to content

"Vi kan ikke la være!"

29/10/2006

Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når herren i huset først har reist seg og stengt døra, og de står utanfor og bankar på og seier: «Herre, lat opp for oss!» – då skal han svara: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå.» Då kjem de til å seia: «Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.» Men han skal svara: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!» Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, medan de sjølve er kasta utanfor. Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.» Luk 13,23–30

Rune Mjølhus hadde ei genial tale på føremiddagsmøtet i dag. Gud tala verkeleg gjennom han, og tente misjonsgløda i meg, i alle høve. Eg har tenkt litt på det. På kall og sånn. Og eg trur vi alle er kalla. Nei, eg veit at kvar og ein av oss er kalla til å gå med evangeliet til alle menneske, det står jo i bibelen i Jesu siste befaling, det vi kallar Misjonsbefalinga. Men, som Mjølhus var innom i dag, og som talarane på MUF i går presiserte – ein er kalla til forskjellige tenester. Det er ikkje alle som skal reise til fjerne land; like viktig er det til dømes å ha ei bøne- eller gjevarteneste her heime. Eg lurar på kva som er mi teneste, eg.

Orda «Vi kan ikke la være!» vart sagt av Rune Mjølhus. Vi kan ikkje vri oss unna Misjonsbefalinga – vi kan ikkje la vere å gå med Guds ord til dei unådde. Dei unådde i Afrika. Asia. Amerika. Oseania. Europa. Noreg. Oslo. Dei unådde på Holbergs plass. Heldigvis har vi ein allmektig Far som har lova å vere med oss alle dagar,

Og det var han som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp, til vi alle når fram til einskapen i trua på Guds Son og i kjennskapen til han, og blir det mogne mennesket som har nådd sin fulle vekst og har heile Kristi fylde. Så skal vi ikkje lenger vera umyndige småborn, ikkje bli kasta hit og dit og drivne omkring ved kvart vindpust av ny lære, så vi blir eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. Nei, vi skal vera trufaste mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. Ut frå han blir heile kroppen sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmålt. Slik veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik.
Ef 4,11-16

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: