Skip to content

heime best?

24/10/2006

I dag var eg på legevakta. De av dykk som vil kommentere at eg var der berre fordi eg tykkjer det er sjukeleg (aldri har vel det adjektivet (!) passa betre) kjekt med alt som har med sjukehus å gjere kan tyggje på denne:

«Palpøm over ekstensorfestene distalt dorsale rotfot. Smerter ved isometrisk dorsalfleksjon i ankelleddet og ekstesjon av tær 2-4 (æsj). Sannsynligvis tendinitt i ekstensorsenene.»

Ja. Fresht med senebetennelse i foten. Hallo. Kvifor meg? Eg gjer no aldri nokre overmåte fysiske krumspring? …

Uansett. Her ein dag sat eg og las grunnreglane til Norsk Luthersk Misjonssamband. Heile den salige blekka er skriven på konsekvent bokmål (les:dansk), bortsett frå eitt ord; heime. Eg har lagt merke til det tidlegare, t.d. når eg møtte konseptet (og mannen) Heimesekretær, men ikkje tenkt at det var slik med skrivemåten òg. Allereie i paragraf ein møter ein ordet «heime»:

Ǥ 1
Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) har til formål å utbre Guds rike. Derfor vil NLM forkynne evangeliet heime og ute og vekke ansvar for misjonen hos vårt eget folk, utdanne, sende og underholde misjonærer, og utdanne og underholde stedlige medarbeidere som trengs på misjonsmarkene, særlig i Kina, men også i andre land.»

Amen! Eh, ja. Ordet «heime» er ganske malplassert, for å vere heilt ærleg. Og sjølvsagt finn vi ordet «heime» lenger ned i dokumentet, i paragraf 4, 9 og 11. Eg hadde aldri trudd eg skulle klage på at nokon nyttar nynorske ord, men…

Gje meg ein god grunn – eller i alle høve ei god kjensle – for å nytte ordet «heime» i bokmålsskriverier. Kom fram, du NLM’ar. Forklar deg!

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: