Skip to content

småsnakk om etniske vibbar

19/09/2006

I dag såg eg på vitnemålet mitt frå vidaregåande, og det vakte nokre tankar. Tanke nummer ein: Eg bryr meg framleis ikkje om at eg gjekk ut med 3’ar i kroppsøving. Tanke nummer to: Etnisk musikk.

Istadenfor dans hadde vi etnisk musikk på Kongshaug. Etnisk musikk. Negativt lada. Eg kommer ikkje utenom det, altså. Det var ein seig firar, og dei seige minnane er, ja, seige. Å lære om fallossymbol og fruktbarhetsgudar i regnskogen og freiste å framføre musikk «nett som dei gjer det i Tanzania» er jo ikkje akkurat topp ti. Spele tabla og gå med turban. Tenk om misjonskonene rundtom i landet hadde visst om alt som føregjekk på Kongshaug? Greitt nok at vi ikkje dansa, men du kan ALDRI vite kva den symbolske tydinga til ei fløyte er i Amazonas. Dessutan dansa vi faktisk ganske mykje – vi hadde jo besøk frå Tanzania kvar haust. Dei lærte oss ymse paringsdansar og krigsdansar frå Afriken, og vi shaka vilt… Dobbeltmoral?

Eg er jo ikkje akkurat misfornøyd med at vi ikkje hadde dans. Dans er jo fysisk fostring, og det er eg som kjend i mot. Men eg trur nok at nokre timar med dans i veka hadde sete mindre øydeleggjande emosjonelle spor i meg enn etnisk musikk.

Ravi Shankar i mitt hjarte for alltid.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: