Skip to content

planløsning

13/08/2006


Dei som kjenner meg veit jo at eg ikkje akkurat er den mest standhaftige når det gjeld avgjersler. Difor kjem det kanskje ikkje som ei bombe at eg kanskje har ein ny plan for livet. Eller, eigentleg trur eg kanskje at Gud har denne planen for meg. Eg må innrøme at eg vonar det.

Eg som i lang tid har vore overtydd om at helsevesenet ikkje er noko for meg, har no kome på betre tankar. Etter at eg slutta i heimesjukepleien for sommaren (fredag morgon), så fann eg ut at eg sakna arbeidet! Jobben var utruleg kjekk, eg lærte raskt og overvann ei rekkje personlege barrierer angåande mindre artige og ekle ting. Når eg no har tenkt meg om, så er konklusjonen komen til at kanskje det ikkje er så dumt å gå sjukepleien? Og etter sjukepleien, så kan eg gå musikkterapi! Det er jo berre den beste kombinasjonen nokon sinne! Men. Det tar nokre år, då. Mange år. Skremande å måtte leggje planar så langt fram i tid, men eg stolar på at Gud plasserar meg der eg skal vere. Som sjukepleiar kan han få plassere meg kor som helst. (Kanskje helst i afriken.:) ) Og, som Sigurd var så snill å påpeike: «Alle gutar vil ha ei sjukepleierkone.» Det passar jo meg ypperlig… heh.

Onsdag reiser eg til Oslo. Tigerstaden. Eg gler meg, men det var vel neppe noko nytt. Eg gler meg til å høyre på intervall att. Og eg gler meg til å invitere DEG heim på kaffi! Det beste kollektivet nokon sinne: «Intelligenzen – avd. Oslo», beståande av Marianne, Ingrid, Irene og underteikna. Eg er så HELDIG som får bu med desse tre nydelege jentene! Funky! For de som måtte lure: Irene er oppteken. MEN(N): på vegne av dei to andre – er du høg, mørk og singel (i Marianne sitt tilfelle; berre singel) – ta kontakt!

Apropos singel. I morgon skal eg sjekke linsene. Eg ser nemlig dobbelt, og har gjort det ei stund utan å bry meg. Nattevakta som gjekk med meg natt til fredag såg litt rart på meg då eg spurde ho om korvidt det var normalt å sjå doble trafikkskilt om natta. Det er visst ikkje normalt i det heile, i følge ho. Det var desse hornhinnene, då… Tåpeleg. No sit eg her med linser for tre månader som eg ser dobbelt på. Jaja. Ein annan ting eg skal i morgon er å klippe meg. Det gler eg meg voldsomt til, forfengeleg og shallow som eg er (ja – eg innrømer det).

Ellers vonar eg Ola har vaska den raude løparen til eg kjem laurdag. Og så vonar eg at eg ser DEG på møte i misjonssalen laurdag kveld! 🙂

Kwa heri!

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: