Skip to content

13/08/2006


tida kjem på løpande band og ein kan ikkje stogge med mindre ein held seg fast men heller ikkje då

eg minnes åttitalet. då kunne ein ikkje hoppe medan ein dansa for då vart det hakk i tina turner cd-en. det skjedde ofte at vi hoppa, og då vart det hakk i plata. sjølv om vi var klare over at det kom hakk i plata klarte vi ikkje la vere å hoppe, og vi hadde det jo kjekt, ho og eg, og vi lo og lo og lo og lo, latterperlene trilla ut or oss og vi krøka oss saman på golvet
eg minnes kor vi lo og lo og lo og ville ikkje stogge, men likevel gjorde vi det. eg ville sprade med fjæra som ho men ho lo ikkje meir. då lo ikkje eg heller, men kanskje litt innimellom. så vart det alvor. og ho lo av meg. lo høgt, og lo lenge. alvorleg. så mista eg både ho og meg. litt svinn må ein rekne med
eg fann meg att i ein spegel som spegla, ja, restane av meg sjølv, men det hadde du sikkert allereie skjønt. ironisk nok spelte musikken, og ho, svinnet, var ikkje å finne. eg heiv meg på karusellen, lukkast i å feste grepet og kjende kor tida kom på løpande band og det forgjengelege kom og gjekk, kom og gjekk, kom og gjekk, nett som det forgjengelege skal. eg klarar ikkje stogge det, med mindre eg held meg fast, men heller ikkje då

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: