Skip to content

Ting eg kan bli flinkare til

01/08/2006


I tilfeldig rekkefølge:

– å lage middag
Eg har nett ete den eklaste middagen på lenge. Æsj. Eg steiker ALLTID pommes frites for lenge. Då vert dei ugne. Og crispy. Wok-grønsaker er heller ikkje gjevt. Moral: Inviter deg heller på vafler enn på middag. Vafler er suksess. Middag er… ja.

– å ta initiativ
Det gjeld så mangt.

– å kjøre saktare
…særleg i rundkjøringar. Og i femti-sona når eg er på veg heim frå jobb. Treng eg seie meir?

– å organisere
No tenkjer eg særleg på alle bileta som ligg på den kjære mac’en min. Mulig altså. Eg MÅ berre få organisert og sletta og kjøpt ein ekstern harddisk eller noko som eg kan plassere bileta på. Det er berre så enormt tiltak.

– å byrje på noko eg har utsett lenge
(sjå punktet over)

– å spele gitar
For augneblinken beherskar eg berre ting eg ikkje veit kva er. Tåpeleg.

– å øve
(sjå punktet over)

– å prioritere
Vonar det kjem seg til hausten.

– å skrive godt på bokmål
Ikke mye flow i språket her i gården, nei.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: