Skip to content

jau

24/06/2006

E g e r s å t r ø y t t

I går hadde eg min første opplæringsdag som heimesjukepleiar i Os kommune. Det var kjekt! Havna i bil med ei veldig kjekk jente som var veldig dyktig. Inspirerande. I dag hadde eg mi andre opplæringsvakt, og fekk prøve meg litt på stell og sånn. Skremande i byrjinga, men det gjekk over måte godt!

I går samla eg. Mennesker. Heime hjå meg. Etter vakta var det rett heim og ordne og styre og plutseleg var vel 22-23-24-25 menneske samla i stova. Det var kjekt! Når eg skulle trekkje den fjerde kanna med kaffi tok eg meg sjølv i å smile medan eg ordna kaffifilteret. Eg er så utruleg velsigna med gode vener! Amen! Nokre bursdagsgåver fekk eg òg, enno eg ikkje har bursdag før neste fredag. (Så fekk eg nemnt det…) Eg fekk Engler og Demoner av Dan Brown av MaryMary, Berit og May-Linn (som eg diggar uvilkårleg), for den skulle eg eigentleg kjøpe på flyplassen men så endte eg opp med å snakke med ein framand som ikkje lenger er så framand gjennom heile den fire timar lange flyturen. Eh, ja. Det er artig kor lita verd vi eigentleg lever i. Å kunne seie «Visste du at syskenbornet ditt er gift med syskenbornet mitt?» til ein som i utgongspunktet er heilt ukjend for deg er morosamt. Eg las forresten Da Vinci-koden på Kreta, og den var hunden så spanande. Ikkje det at eg trur eitt ord av det som står der, då. Ta meg ikkje for å vere lettpåverkeleg sånn sett. No haldt eg på å skrive meg ut i periferien. Av team-gutane + Krishtoffer fekk eg ei heilt utruleg oppfinning; ei hengekøye som henger på eit eige stativ! Nesten eit tørkestativkonsept. Genialt! Når sola stikk seg fram gjennom skoddeheimen skal eg sanneleg fotografere og publisere. Det blir BRA! Hengekøye og bok i hengekøya. Det kan ikkje bli stort betre.

Men ja. Attende (ordet attende får meg til å tenkje på jobb. Attends. ja. eeh -) til menneskesamlinga i går. («Festen», om du vil.)Det var kjekt! Takk for at DU kom! Og er du i nærleiken ein annan gong, så er det berre å svinge oppom. Det gjeld alle. Eg er stort sett heime i sommar, og har anledning til å trakte kaffi og servere EIS.

No vart eg segen. Eg må dusje. Pakke ut litt klede. Og så reise til Salem for andeleg påfyll. Salem er bra. Eg kjem til å sakne Salem.

Sommar!

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: