Skip to content

06/05/2006

Det er noko med det å sitje ei mai-natt åleine og berre sjå ut samstundes som vinden blæs inn vindauget og kjenne det svir i andletet etter ein lang dag i sola.

Ein herlig melankolsk augneblink, med alt det ein sådan augneblink skal innehalde
eg tenkjer på alt eg lengtar etter
alt det eg ikkje har men som eg streber etter
alt det eg skal gjere som eg ikkje har fått gjort
samvitet gneg meg i magen
og eg tenkjer at hadde situasjonar vore annleis ville eg og ha vore det, og samvitet ville ikkje ha gnege i magen, men samvitet hadde vore kvitt som snø, dersom du skjønar
gåsehud prikkar på armane, og gardinene blafrar

trass i gåsehuda luktar det framleis sol, vaflar og sveitte av armane mine, men det er jo ikkje å forakte. eit kompliment kjem med vinden, og nuppar huden – det er då den melankolske augneblinken går over i ikkje pur glede, men like fullt glede eller noko som minnar om slikt. Glede over tilværa, rørsle, sinnsstemningar, menneske og Anden

Faktisk. Og dette er noko eg anbefalar.

Dessutan er eg nesten solbrend på lårene. Heitt. Songen har gått om att 5 gongar no, og det er meir enn nok.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: