Skip to content

1 Kor 15,1–11

18/04/2006

Eg kunngjer dykk, sysken, det evangeliet som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i. Ved det blir de frelste, så sant de held fast på ordet slik eg forkynte det for dykk; elles blir det til inga nytte at de kom til trua. For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke, at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt, at han vart gravlagd, at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt, og at han viste seg for Kefas og deretter for dei tolv. Så viste han seg for meir enn fem hundre truande sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno; men nokre har sovna inn. Sidan viste han seg for Jakob, så for alle apostlane. Og aller sist viste han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster. For eg er den minste av apostlane; eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfølgt Guds kyrkje. Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg. Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: