Skip to content

Saman for ferjefri kyststamveg

29/03/2006


Eg les i Noreg sin beste lokalavis, Os & Fusaposten. Nok ein gong har dei vald å skrive lovord om Kongshaug. Det er positivt. Løp og kjøp. Anledninga var forøvrig oppsetting av storprosjektet «Brand», noko som var heilt utmerket. Eg grein mesten kvar gong eg såg framsyninga, og det var ikkje få gongar. No trur eg eg skjønar Ibsen ein smule. Konge det.

Sånn ellers, for å skrive om laust og fast, så trur eg at eg skal ta grunnfag i musikk til hausten. På Fjellhaug. (Ja, du las rett. EG skal gå på FJELLHAUG. Og no klarar eg å seie Fjellhaug utan å kome med brekningslydar.) Men eg trur dette kan verte aldeles positivt, eg. Eit år med berre musikkfag. Ja takk, gjerne det. Også i Oslo. Hovudstaden. Nice.

Ingrid kjem kanskje til helga! Det vert stas! Og eg har vore på Synkoke-konsert, noko som var veldig stas! Ja. Og dette må innrømast:

Eg er svak for enkelte såpeseriar og Tore på Sporet (sjølv om eg må gjere narr av dialekta hans – det er jo umogeleg å la vere) og Three Wishes. Og det nye favorittprogrammet mitt er TV-pastoren.

Så veit dykk det.

Og eg skulle ynskje at skrivinga mi kom attende. Dette er jo berre svada.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: