Skip to content

Nokre få ord

13/02/2006

Eg sit i matsalen heilt åleine og et kveldsmat. Det beste med å vere miljøarbeider er at ein kan fråtse i eplejuice og skogsbæryoghurt. Men ikkje sei det til nokon.

På fredag reiser teamet på ein slags turné. Det blir kjekt. Spanande. Skummelt. Eg gruar meg – det er det ikkje fritt for. Men eg gler meg og. Først skal vi til Tonstadli ei helg, saman med ungdomar frå Stavanger krins av NLM. Etter dette går turen til Kvås måndagen, så til Drottningborg på tysdag, attende til Kristiansand onsdag, og så Oslo og Ichtys på torsdagen, så Hamar fredagen, så Oslo (fri ein dag) laurdagen, og så Hamar på sundag att, og så har eg fri og ferie! Dersom nokon vil leike medan eg er i Oslo er det berre å ta kontakt. (plis!) 🙂 Café Ichtys i Tullinsgate, torsdag 23.feb sånn om lag klokka 21-22 eller noko er i alle høve ein sikker vinnar. (Vonar eg – av heile mitt skjelvande hjarte!) Eg er i Oslo ei lita veke (måndag 27.- fredagen), og endeleg har eg tid til å møte menneske eg ellers bare ville sett snurten av! Berre ring!

Eg gjekk over Puddefjordsbrua i eit tilnærma vinterklårt Bergen i kveld, og då tenkte eg på det å vere meg. Godt inspirert av Funky Uncle og Silje m.fl. Eg kom fram til at FY SØREN så mykje eg bør skjerpe meg og bare la ting gå og FY SØREN så HIMLA vanskeleg det er å vere berre meg når eit skal eller to av alle andre hadde vore så mykje betre, og kvifor vere meg sjøl når alle andre vert forelska i alle andre og ikkje meg, og HALLO kjem eg nokon gong til å verte god nok eller kjem eg aldri til å innsjå at eg er den eg er og det nyttar ikkje å ordne på det fordi eg liksom er god nok

Men eg gløymde evighetsperspektivet og at dette eigentleg ikkje betyr noko. Men det betyr jo noko for meg, innerst inne samstundes som det ikkje betyr ein ting i det store og heile. eh. ja.

Kjære Gud,
lat meg innsjå at du har skapt meg i ditt bilete,
og at eg difor bør takke framfor å freiste å endre på meg sjølv…
Eg skjønar at det kanskje kan ta litt tid å prente det inn i hovudet mitt,
som du forøvrig har utstyrt ganske bra med hjerneceller, (og takk for det,)
men sånn i mellomtida – kan du gjere slik at dei sender mindre sport på tv og radio?
Uansett. La din vilje skje. Sjøl om eg kanskje heller vil noko anna.
Ta deg av det du.
Snakkast.
Amen

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: