Skip to content

Sproget – i udvikling

12/02/2006


Eg er språkforstyrra. Heilt. Sånn vert det etter tre og eit halvt år i denne språksmeltedigelen av eit musikkgymnas!

Frå å snakke ganske bergensk på ungdomsskulen har eg no adoptert inn ei rekkje meir eller mindre spanande uttrykk frå det ganske land. Her kan m.a. nemnast:
Løjje (som i: det du sa no var løjje.)
Kakshiv (som i: eg vil ha kakshiv.)
Pøsj (som i: i dag er det pøsj til middag. Eller helst: Eg skal vitje Pøsj. 🙂 )
Himla (som i: himla stor pokal.)
Vilt (som i: Vilt morsomt.)
Kjekt (eigentleg ikkje unormalt, men eg byrja ikkje bruke det før eg kom til Kongshaug.)
Pittle (som i: Åhr, PITTLE der gjekk bussen.)

I tillegg til desse (og fleir) kjem då typiske bergensord, og ganske mykje bygdis-språk som eg har lagt med til i seinare tid. Bygdispraten kjem nok av at eg har blitt meir og meir medviten på kva språk eg førar skriftleg. Det har altså sine lumske baksider å skrive nynorsk. Dømer på bygdepåverknaden kan du sjå her:
Veko
Vatnet
Heim
Fingrane (og -a endingar generelt)
Kyrkjo (uttalas: shjørsjo – for eg eig jo ikkje mogelegheita til å uttale KJ-lyden. Kino = Shino. Kjøkenet = Shøkkenet.)

Bygdispraten lar seg ikkje sameine med bergensk tonefall og uttale. Noko eg held fast ved i det bergenske Sprog er uttalen av ord som har to konsonantar i midten:
Pannen = Paan
Bøtten = Bøttn
Føttene = Føttne
(Dette nyttar eg vel å merke når eg ikkje seier «panno» og «bøtto».)

I tillegg til overnemnde faktorar retter eg meg stort sett etter dei eg snakkar med.

Har du ikkje snakka med meg enno? Vel – gled deg. Det er ei tilnærma kulinarisk oppleving. Shæmpegøy.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: