Skip to content

Based on a true story:

17/01/2006

Den danske kunstnaren Bertel Thorvaldsen har fått i oppdrag å lage ei statue av Kristus.

Han lagar fyrst ein liten versjon i leire. Leiren er grei å ha med å gjere, formar seg etter kvart minste press frå dei vande fingrane til Thorvaldsen. Sakte vert leireklumpen forma til eit menneske, og rundt menneskefiguren vert det drapert eit klede. Kunstnaren strevar for å få akkurat det rette uttrykket og den rette haldninga på skulpturen – Kristus som ein gresk atlet, med heva armer og lyfta hovud, den sigrande Kristus! Detaljane kjem på plass; det lange, bølgande håret, sjegget, dei små detaljane i andletet, fingrane, draperingane i kledet –
Kunstnaren lenar seg attende, lyfter tommelen på kunstnarvis – sjekker proporsjonar; tek eit overblikk. Han er nøgd. Timane har gått utan at Thorvaldsen har fulgt med, han har vore heilt oppslukt i arbeidet. Han går heim.

Kanskje det er sommar og varmt ute, for varmt til at leire kan halde seg.

Thorvaldsen kjem attende til atelieret sitt tidleg neste morgon. Han går bort til det vesle bordet ved vindauget, der han hadde plassert Kristusfiguren. Til sin store sorg ser han at noko har gått gale. Den sigrande, stolte Kristus han hadde laga kvelden i forvegen har no sunke saman. Henda er senka og hovudet er bøygd. Dette var då aldeles ikkje som Thorvaldsen hadde tenkt! Leirefiguren har størkna. «Knusast», tenkjer kanskje Thorvaldsen. «Figuren er øydelagd uansett.»

Kanskje er det Thorvaldsen sjølv som må tenkje seg fram til å behalde Jesusfiguren som den er. Audmjuk, open. Kanskje må nokon forklare han at figuren no er meir lik Kristus enn nokon sinne. Kanskje gløymer Thorvaldsen det heile, og finn figuren att om nokre dagar eller månader, og innser det heile då.

«Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!» (Matt 28)


Kristus vil berre ta oss til seg. Vi må berre ta i mot han.

Det er ikkje berre berre –

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: