Skip to content

Takk

25/11/2005

Eg hugsar når dei middelmådige papp-bøssene brukte sprekke av myntar, og motivet var ein liten mørkhuda gut som såg ordentleg svolten ut. Bakgrunnsfargen var oransje, og bøssa var i det heile ganske stygg. I dag fann eg denne i posthylla mi, pakka saman med misjonsbladet Utsyn. Kult design, eigentleg. Liknar på ei mjølkekartong. Materialet er hakket meir stødig enn pappen frå i forfjor. Her er det plass til pengar, altså!

Pengane mine sit djupt og godt i lommeboka. Særleg når det kjem til å betale ting eg ikkje ser eg får noko att for. I går brukte eg 1019 kroner på julegåver. Gode investeringar, tenkte eg. Godt å snart vere ferdig! Til meg sjølv har eg kjøpt fire cdar i løpet av siste veka, men to av dei var lovsongscdar så dei tel ikkje, og bassisten i D’Sound er jo kristen, så den er unnskyldt den og…

…Ufordrageleg!

Her sit eg, då. Eg har absolutt alt eg treng, dersom ein ser bort i frå at eg manglar trekk til gitaren min, og eg veit med meg sjølv at dersom eg ikkje tek eit slags oppgjer med pengane mine kjem misjonsbøssa aldri til å verte fyld. Gud har gjeve meg så innmari mykje – kvifor er det då så vanskeleg for meg å gje attende til oppbygginga av Hans rike? Det er jo oppgåva mi, å føre andre til frelse! Som kristen kan eg ikkje anna. Eg likar å tru at eg er villeg til å gjere mykje for å vitne om Jesus, men når det kjem til å sende pengar til andre land, der nauda er stor og misjonærane treng bustønad, mat og liknande… Kvifor i alle dagar skal pengar vere så viktig?

Eg slo opp i 2. Korinterbrev, kapittel 6, for å lese litt rundt akkurat det som står på bøssa, og fann dette:
”Men dette sier jeg dere, den som sår sparsomt, skal høste sparsomt. Og den som sår rikelig, skal også høste rikelig. Enhver skal gi slik han har bestemt seg for i sitt hjerte, ikkje motvillig eller av tvang. For Gud elsker en glad giver. Og Gud er mektig til å la all nåde komme dere i overflod, så dere alltid og i alle forhold skal ha nok av alt som trengs og kan ha overflod til all god gjerning. (…) Gud være takk for Hans ubeskrivelige gave!”

Gud seier at dersom ein gjev, skal ein få attende. Eg trur han meiner å gje av både pengar, tid og ikkje minst meg sjølv og dei evner eg har. Han har lova at eg alltid skal ha det eg treng.

Eg må berre stole på det.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: