Eia var vi der
No sit eg på kontoret og skriblar, etter ei lang, lang, lang helg. (Som forøvrig enno ikkje er over!) Vitjing frå austlandet, forkjøling og konfirmasjonshelg – alt på ein gong! Men det meste var veldig kjekt.
Dette har eg lært sidan sist:
– Det er ikkje alle som likar å synge sjølv om dei melder seg på ei korgruppe.
– Ein veit ikkje kor mykje ein saknar nokon før dei er der og så reiser att. Difor bileta. Eg saknar!
– Det kan ta lang tid å bli kvitt ei forkjøling dersom ein ikkje søv nok.
– Dei som eg var fadder til når eg gjekk i 6 klasse er konfirmantar no.– Eg veit korleis ein seier «Orsak at eg er sein, det var lang kø på t-banen». Eigentleg seier eg forsåvidt berre: «Orsak, sein, lang kø, t-bane.» Også kan eg sei «Eg spelar banan», «T-skjorte», «Belte», «bukse» og «møtes» og ei rekkje andre ord. På teiknspråk altså. Det gløymte eg visst å nemne.
– Det er lett å lage mykje oppvask.
– Men verre å motivere seg til å vaske.
– Det er kjekt med eigen leiligheit.
– Det er fullt mogeleg å bli forkjøla ein gong kvar månad sidan september, utan at noko er veldig gale med deg. Det sa doktoren. Dessutan lyste han meg opp i nasa og kommenterte slimhinnene mine, noko eg tykte var litt ekkelt.
– Det er kjekt å høyre på Sissel-julesongar, men mest vemodig. Eg saknar å vere superstjerne i grieghallen. Av og til må eg berre tenkje over kor stort det var å kore ho. 🙂
– Eg fann ei lyst inni meg. Ei lyst til å klippe meg.
– Far min diggar Bjerkrheim og Espen Samuelsen (uttalast med lespe-s). Det gjer forsåvidt eg og.
– Det går an å skrive særs longe avhandlingar om ting som foregår inne i meg.
– Det er kjekt å skrive seriøse brev med ein snerten humor.
– Finding Nemo er konge. Særleg når det ser ut som om den eine pelikanen fiser i sjøen, og den andre seie «Nice…» Og flyg sin veg.
– Eg likar å lese.
– Det er kjekkast å spele på flygelet.
– Eg er særs glad i å sove.
Sånn ellers, så er det i dag 2 veker til den store Gospel Bergen-konserten! 27. november i Frikirken i Bergen, som ligg ganske nærme stadion, kom kom! Klokka 20.00 brakar det laus. 🙂