Skip to content

Du vakre vene

03/08/2005

I dag er det berre to dagar til Marthe og Øyvind giftar seg! Hurra! Eg gler meg sånn! Skal ta bilete av dei, så eg håpar det vert fint ver…

Bror min har bursdag i dag, så vi (eg, Mats, Arne og Maria) skulle eigentleg vitje dei med bollar og brus. Det som var litt kjipt var at kona til Inge allereie hadde lagd planar for kvelden. Hm. Ikkje kvar dag ein bror vert 32(trur eg)!

Eg var i alle høve hjå Mats i dag, etter at eg hadde handla for 575 kroner. Ganske mykje pengar, særleg når ein er åleine. Men no har det seg sånn, at i kveld kjem Sigurd og Elin! Og så ballar det på seg… Mange som skal bu her! Eg gler meg sånn! 🙂

Eg har forøvrig funne ut noko ganske vesentleg. Nemleg det at eg må legge livet mitt i Gud sine hender. Det er vanskeleg, men eg prøver. Eg får stadig prov på at eg er der han vil ha meg no, og det er godt! Vonar eg kan klare å leve etter Gud sin vilje resten av livet. Det har jo så langt leidd til berre gode ting. Ikkje det at eg meiner at dersom vi fylgjer Gud kjem alt til å bli ein vals på roser, nei, kanskje tvert om til tider… Men når alt kjem til alt, –

Efesarane kap 2: 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: