Skip to content

Ferie!

01/08/2005


I dag sovna eg i sola kanskje 15 gongar. Eg er så herleg avslappa at det halve kunne vore nok. 🙂 UL var, som de kanskje har fått med dykk, skikkeleg bra. Eg reiste førre tysdag med engasjementsbarometeret på minus, og kom heim med topphumør og ei herleg mattheitskjensle! Eg treng så sårt slike andelege spark i ræva! Ja.

Elles så har eg ikkje gjort mykje i dag. Køyrde bror min og kona hans til Bergen, der dei skulle hente seg ein splitter ny Audi stasjonsvogn(!). Ja, dei skal ha barn. Ein kjøper ikkje stasjonsvogn sånn utan vidare. 🙂

Å, kanskje eg har gløymd å nemne at eg skal bli tante att? Inge og Line skal ha sin første baby i januar. Eg trur det vert ei jente. Og det er berre ei. Arne og Maria skal ha ein eller fleire i februar. Eg vonar det vert fleire, for då når eg att Ingrid.

Eg vil lage cookies.
Og eg er velsigna med evnen og mogelegheiten til å gjere dette.
(retting: eg er velsigna med TORO pakke-cookies.)

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: