Skip to content

o-la-la

13/07/2005

Joda, eg har framleis perspektivet der. Eg nyt framleis dei små stundane, og dei små miraklene.

Just checking. Uansett vert ikkje dette ei veldig poetisk melding.

Mormor døydde sundag. Det er rart, men eigentleg best. Ho var sjuk, og hadde det ikkje lenger godt her på jorda. Ho fortente betre. Gravferd på fredag. Eg skal synge «Jeg er en seiler på livets hav». Det trur eg ho ville ha likt.

Det er slutt på finveret. Eg har nett kjøpt meg ny bikini. Kor ironisk er ikkje det at eg no ser ut på regnet som plaskar i blåbærlyngen…

Åh! Hadde ei fin-fin veke forrige veke! Først var eg ei natt hjå Inger Elisabeth. Kjempekoselig! Ho har ein bror som er nett lik min. Berre yngre. 🙂 Så reiste vi med tog til Kristiansand. Tog altså. Undervurdert frå mi side. Er jo genialt! Øyvind og Marthe hadde fått det kjempefint! Var utruleg koseleg å vere hjå dei. Vi blei der til dagen etterpå, altså onsdagen. Då køyrde vi med Stakkeland til, eh, litt lenger vekke. Risøya eller noko. Der skulle vi vere på hytta til Sigurd i nesten 5 fantastiske dagar. Det var MAX, altså! Knallver (yeees, perfectly tanned! 😉 Ehm, eller ikkje… ), knallhytte, deilig utedusj, kongebåten, kongesjø, deilige Flatskjær, gode gode konsertar, fiiiine aerobirds, delicious food, herliga kvitlauk og flotte kvitløksluktende mennesker! Fytti, eg har mest lyst til å pøøøøse på med utropsteikn, men det er så teit. Eller?

!!!!!!!!!!

Sånn. Det var seriøst utruleg kjekt. Snakk om å nyte livet. Båt altså. Undervurdert frå mi side. 🙂

Ps: vinn tur for 2 til Mallorca: http://calsms.com/80/94/680/1418506/1419360

PS2: eg treng ein gut som matchar den nye bikinien min… Og som tek meg med til Mallorca. Anyone?

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: