Skip to content

Status Quo:

02/07/2005

Eg er så utruleg forelska i livet! Kva har eg nokon sinne gjort for å fortene å ha det så godt, å få vekse opp i ei verd som er så komplekst vakker på si underfulle måte? Sjølv om eg enno ikkje har funne svar på kvifor eg er her eg er, og ikkje heilt kan forklare det eg trur på, så har eg likevel slått meg til ro med nett dette. Eg fell meir og meir på plass for meg sjølv, og det eg er misnøgd med er ikkje lenger slik ei byrde. Det kan endrast, og alt vil eg ikkje endre.

Eg kjenner takksemda boble over – det er så uendeleg –

Stundom kan eg liggje i timesvis og høyre på havet, fuglane og graset som syng, medan solstrålene forgyllar meg og mitt, eg kan endåtil arbeide i fleire timar med berre musikken og meg sjølv i hovudet, i vissa om at sola og den varme brisen ventar der ute – berre for meg. For det er difor ho er der, sola. For å forgylle meg og tankane mine som spinn høgare og høgare, vidare og utover alle stjernelandskåp –

Kva eg gjer for tida? Eg lever!

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: