Skip to content

fra "urk" til "smil"!

18/01/2005

Hm, eg har ein litt sånn «sånn passe»-dag i dag. Sov ganske dårlig i natt, fordi eg blei sjuuuk.. *sukk* Vondt i halsen og sånn. Kjipt. Eg liker best å være frisk. Men det er godt med litt medlidenhet av og til. 🙂 Det som er bra, det er at eg har det bra inne i meg. Menneskene rundt meg smiler! Eg merker at dei er glade i meg, og i det siste har folk bare sagt fine ting til meg! Ikkje det at folk pleier å sei stygge ting til meg, men i det siste har det nesten vært som om folk har bestemt seg for å gje Silje bedre sjøltillit! Jeee! Og no kan eg tenke på alle dei fine tingene mennesker eg er glad i har sagt… Og det gjør godt langt inn i sjelen! Det er ikkje bare ord som skal til, smil og øyenkontakt er med på ågjøre dagen min SÅ mye lettere! ah! Eg har det SÅ utrolig godt! Og eg er SÅ takknemlig!



I dag fekk vi forresten terminkarakterene, og eg må sei at eg er ganske nøgd. Eg har ikkje jobba godt nok med allmennfagene, men greit det. Det fikser eg til sommeren. Musikkfag-karakterene var gode, og det er jo det som er viktig for meg! Men eg har innsett at eg bør sjerpe meg på enkelte ting (les:norsk!).



Men tilbake til det eg begynte på; Smil, le og snakk gode snakker ved middagsbordet. Det er moralen i dag, trur eg. Kanskje eg burde ha forma det litt meir poetisk? Hm, nei. Eg lar det stå.



Oi, no begynte eg egentlig denne bloggen som sånn derre «uff, det er så synd på meg»-blog. Sånn kan det gå – eg begynte å tenke på fine ting, og no blei eg bare glad! 😀



Hurra for GOSPEL BERGEN KONSERT i Salem, Lørdag 2.april 22.00 ! Kom, kom!

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: